top of page

KVAD som metode for undervisning i skolen

Oppdatert: 23. jan. 2022

I 2021 ledet jeg KVAD for Kvinnherad Brettspelklubb. Flere av spillerne var lærere, og planla å bruke KVAD som plattform til å undervise i norrøn kultur. Nå har Jarle Haktorson ved Kvinnherad videregående skole skrevet et innlegg, hvor han deler av erfaringene fra bruk av rollespill i skolen.



Rapport etter bruk av rollespelet «Kvad» i undervising

Eg underviser i norsk, historie og religion på vidaregåande skule. Denne kombinasjonen er ofte verdfull for tverrfaglege perspektiv i undervisinga. Kombinert med mi livslange

interesse for spel og generell populærkultur, gir dette gjerne grobotn for alternative læringsprosjekt. Her kjem så rollespelet «Kvad» inn.


Eg har fylgd «Kvad» sidan det vart lansert på Kickstarter, og kom tidleg i kontakt med skaparen Karl Otto Kristoffersen, som etterkvart sikra meg ein tidleg kopi av spelet. Eg hadde då planlagd korleis eg kunne bruke dette som ein del av undervisinga, og då i hovudsak i faga norsk og historie på studiespesialiserande linje, VG2.


Ved hjelp av «Kvad», kan elevane få «leve» som sagaheltar i norrøn tid. Dei vil møte utfordringar heilt ukjende ifrå eigen kvardag, og ta stilling til andre verdiar og samfunnsforhold enn me har i dag. I fellesskap vil dei så skape og bli ein del av ein saga, der alle skal skrive eit kvad om det som har hendt.


Rollespelet «Kvad» gjekk inn som dei del av ein «norrøn pakke», der også relaterte dataspel, teikneseriar, podkastar, film og seriar inngjekk, med fokus både på norrøn litteratur, kultur, religion og språk.


«Kvad» vart gjennomført i to klassar. Ingen av elevgruppene hadde erfaring med «papirbasert» rollespel ifrå før, sjølv om fleire hadde erfaring med konseptet rollespel ifrå dataspel. Det tok likevel kort tid før systemet med reglar og terningar var på plass, og det var kjekt å sjå korleis dei raskt gjekk inn i rollene sine.


Ein styrke med «Kvad», er korleis det raskt involverer og engasjerer spelarane. Som i det ferdiglaga eventyret «Hevnvisa», må spelarane allereie frå starten skape si eiga historie rundt sin person. Eg skreiv «Hevnvisa» litt om, for å passe til dei lokale forholda. Eg kunne då dra inn litt lokalhistorie, og ifrå at hendingane skjedde i ei fiktiv verd, skjedde hendingane i «Hevnvisa» i eit «alternativt univers», nærare plassert i indre delar av dagens Kvinnherad kommune (Hatteberg), samt områda Odda og Kinsarvik.


Den felles historia som «Kvad» gav ramma til, gav moglegheita til å få spelarane introdusert til dei før nemnde områda litteratur, kultur, religion og språk. Som i «Hevnvisa», er spelarane norrøne truande, som raskt kjem over ein prest som brenn ein Odin-statue utanfor eit lite hov, på ordre ifrå den kristne hirdsjefen Sigurd. Etter mykje reise og opplevingar endar dei opp i Kinsarvik, der Sigurd har maktsenteret sitt. Her drep dei han, og frigjer sønene sine, som alle var tekne til fange.


I etterkant skulle alle skriv eit «kvad» om historia som var skapt. Her kunne dei velje tilnærming; skrive ein prosatekst («forteljing»), parrim eller kryssrim (med krav av om ein viss rim-struktur), eller det norrøne fornyrdislag. Dette siste var det klart mest utfordrande, då eg la vekt på å følgje norrøn tradisjon. Såleis måtte dei halde seg til åtte verselinjer, to trykksterke stavingar i kvar linje, der linjene parvis var knytte saman med allitterasjon (bokstavrim basert på same konsonantlyd eller ulik vokallyd).


Det var likevel fleire som gjekk for fornyrdislag; nokre av tekstane finn ein nedst. Eg hadde også ei evaluering av heile undervisingsopplegget. Det som kom fram her, var at spelarane likte dette særs godt. Fleire av dei vart så engasjerte, at det inspirerte dei til å halde fram med rollespel på fritida, og det er no eit aktivt spelemiljø i denne aldersgruppa.


Det som overraska, var at mange aktivt valde å sitje å høyre på spelinga, men kunne i ettertid fortelje at dei hadde vore like engasjert som spelarane sjølve. Som i ein film, sat dei der og fylgde spent med på historia som utvikla seg vidare.


Ramma som «Kvad» gav, gav deltakarane ei unik, innlevande læring i norrøn kultur, litteratur, religion og språk. Eg kjem til å bruke «Kvad» igjen når eg undervising i norrønt, og kanskje nyttar eg systemet som utgangspunkt for andre historiske periodar. Kan hende den nordiske sjuårskrig i åra 1563-1570 får eit anna utfall..?

Kvadet elevene skrev basert på fortellingen

Jarle Haktorson,

Kvinnherad vidaregåande skule


Jeg er utrolig takknemlig for at Jarle valgte å bruke KVAD som metode for å undervise i norrøn kultur. Min inngang til sagaene startet også i norskfaget på videregående, så det føles helt FANTASTISK å kunne gi tilbake til skolen!


Kjenner du noen som kunne vært interessert i et liknende opplegg, er det bare å ta kontakt.


-KO


🎲 Det er viktig å nevne at Jarle selv er en habil rollespillforfatter, med flere vellykkede internasjonale utgivelser under beltet. Sjekk ut foretaket Two Starving Gnolls for mer informasjon.


📸 Foto av May-Helen Mogstad

303 visninger0 kommentarer

Siste innlegg

Se alle
Innlegg: Blog2 Post
bottom of page